Endeleg er Landsmøte 2019 i gong!
For første gong er landsmøtet arrangert av CISV Norge og ikkje eit fylkeslag. Landsmøtet vert arrangert på Comfort Runway Hotel på Gardermoen og omlag 60 personar er tilstades.
Hanne ønska alle velkomne og introduserte gjest og opningstaler frå Press, Marina Johansen. Press er Redd Barna sin ungdomsorganisasjon og kjempar for born og unge sine rettar. opna med å fortelje om dei felles interessene Press har med CISV.
Ordstyrarar for helga er valt og er Fredrik Gjestland og Eirin Berge.