CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Årsberetning, rekneskap og budsjett

Etter leiar sin tale, var det tid for sakshandsaming. Oppdaterte saksdokument finn ein på https://lm.cisv.no/saksliste-lm/

Sentralstyret, ved Hanne Løge, gjekk gjennom hovudtrekka i årsberetninga for 2018. Det vart opna for kommentarar og spørsmål. Årsberetninga vil bli tatt opp til votering på andre dag av landsmøtet.

Etter årsberetninga vart rekneskapen for 2018 lagt fram av sentralstyret ved Knut Berge. CISV Norge gjekk i overskot i 2018. Sjølv om det er bra å gå i overskot, var overskotet større enn ønskja.

CISV Norge hadde meir inntekt i 2018, samstundes har ein vore nøktern i bruk av midlar.

Overskotet skal inn i flere ulike fond som CISV Norge disponerer i tillegg til fri eigenkapital.

Det vart opna for kommentarar og spørsmål til rekneskapen, og sentralstyret fekk ros for god oppstilling og forståeleg rekneskap.

Knut fortsatte økonomidelen med å leggje fram budsjettet for 2019. CISV Norge budsjetterer med overskot i 2019 òg. Det vert trekt fram eit ønskje om å satse på aldersgruppa 21+, som eit ledd i arbeidet med å ivareta dei frivillige ressursane i CISV Norge. Meir om hovudtrekka i budsjettet kan ein lese i notene til budsjett.

Det vart opna for spørsmål og kommentarar, som vart besvart av sentralstyret.

Publisert 6. april 2019, 15:21 · Kategori: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *