Kjære landsmøte, kjære god venner!
Så flott at så mange har klart å ta vegen hit trass for at Island har gjort sitt beste for å halde oss vekke… Og det etter at CISV Norge sendte førespurnad til CISV Island og spurte om dei trengte økonomisk hjelp i kjølvatnet av finanskrisa?!?
CISV Norge har hatt eit år som har vore ganske bra:
– me har masse entusiastiske frivillige
– det har vore god internasjonal deltaking på alle CISV sine program
– det har vore sånn passeleg med lokal aktivitet
– økonomien vår er solid
– me har hatt rekrutteringsutfordringer i enkelte fylkeslag
– det er diverre ikkje noko særleg medlemsvekst
– det har vore rekordmange deltakarar på våre nasjonale kompetansearenaer
Med andre ord; mykje bra og mykje å bli endå betre på. Me er ein liten organisasjon der me sjølve oppfattar oss som ein litt utvida familie, og der du etter eit Haustmøte eller eit seminar er godt bevandra i organisasjonen. Og som liten organisasjon er det utfordringar og rom for utvikling. Heldigvis! Det er mykje bra som skjer som vil bidra til utvikling av organisasjonen.
Vår nye måte å profilere CISV på med å i større grad fokusere på organisasjonen som ein fredsutdanningsorganisasjon synest eg er eit viktig steg for å tydeleggjera kven me er. På Huastmøtet var me heldige og fekk besøk av Kieran som er Educational Officer i CISV. Han gav oss eit lite innblikk i arbeidet som no vert gjort for å styrke fredsutdanningsfokuset og gi oss eit vokabular når me snakkar om ”fred og vennskap og sånn”.
Å sette fokus på konkrete fredsutdanningsområde kan gi oss idear og innsikt i arbeidet vårt. Året i år er via til fredsutdanningsområdet mangfald. Me vil freiste å utforske mangfaldsomgrepet og sjå på korleis me i CISV nyttar mangfald i vår organisasjon. Me har spanande prosjekt på gong med Verden i Bergen, Skedsmo og Oslo som arbeidar direkte med dette området gjennom å samle born frå mange nasjonar.
Til neste år skal me setja fokus på fredsutdanningsområdet Konfliktar og konfliktløysing. Ove frå Aust-agder har allereie tatt initiativ til å jobbe meir konkret med dette området og har samla ei internasjonal gruppe som skal utforske temaet i meir detalj og forhåpentleg ha nokre omgrep og verktøy CISV kan nytte i dette arbeidet.
….
På AIM i Guatemala vart det endeleg avgjort at ein skal få ein ny modell for korleis delegasjonar vert fordelt. CISV Norge har kjempa for ei meir transparant og rettferdig fordeling i mange år, og eg trur at det nye systemet vil bidra til ei bærekraftig utvikling av arrangement i CISV. For oss betyr det i praksis fleire delegasjonar allereie til neste år. Om fylkeslaga ønskjer det, vil mange fleire born få høve til å oppleve å få delta på leir samt at me endeleg får fleire juniorleiarplassar. Å få fleire juniorleiarar er spesielt viktig for eigenrekrutteringa til leiarar.
Å satse på ungdommar er ein sjølvsagt ting i ein barne- og ungdomsorganisasjon, men det er kanskje for sjølvsagt til at ein tenkjer noko særleg over det. Difor ønskjer Sentralstyret no å opprette ei arbeidsgruppe som ser på korleis ein best kan ivareta juniorgruppa i CISV Norge for i mykje større grad å kunne holde på juniorane til dei sjølv er i aktuell leiar-alder. Me vil sjå på kva mandat ei slik gruppe skal ha, og søke etter ungdommar som har lyst til å vera med i gruppa.
Nettverk er eit av satsingsområda i vår strategi- og handlingsplan. Det å lage arenaer for nettverksbygging på stader som NJC og NEO har vore vellukka i år. Forhåpentleg vil dette på sikt hjelpe oss til å halde på og å engasjere folk til framleis deltaking i CISV.
Det har også blitt gjort mykje med kompetanseheving i organisasjonen siste året. Fleire har delteke på Regionale treningsforum og dei fleste av desse har også gitt tilbake til organisasjonen ved å holde treningar nasjonalt. Det å ”gi tilbake” til organisasjonen trur eg er noko mange av oss i CISV kjenner seg igjen i og er glade for å kunne gi, og ved å gi kompetanse oppnår du ikkje berre auka kompetanse i organisasjonen, men også ei endå sterkare ”gi tilbake”-kjensle.
Sentralstyret har saman med organisasjonsutviklingskomiteen sett på korleis ein i endå sterkare grad kan synleggjera det viktige arbeidet som vert gjort i komiteane. Samtidig har det i dei siste åra vore ein «mismatch» mellom korleis arbeidet i CISV Norge har utvikla seg og korleis organiseringa har vore. Ein har fått større fokus på strategi dei siste åra, me er inne i vår andre strategi-og handlingsplanperiode, det som tidlegare var definert som program og aktivitetar har blitt meir likeverdige aktivitetar og me har profesjonalisert organisasjonen vår med ei 100 % stilling. Med forslag til ny struktur ønskjer me endå større fokus på det strategiske arbeidet, å betre kontakten mellom fylkeslaga og sentralstyret, og gi komiteane større innverknad og gjere dei meir likeverdige.
Eg trur profesjonaliseringa av organisasjonen som vart gjort når ein tilsette ein heiltidstilsett kjem til å bli viktig for utviklinga av organisasjonen. Det har allereie gitt ringverknader. I februar byrja Jorge i praksisplass ved Sekreteriatet, forhåpentleg får me beholda han i alle fall fram til sommaren, og i august byrjar Freja Lina som EVS Praktikant i CISV Norge.
Tilbakemeldingar frå dykk fylkeslag er at Sekreteriatet er både tilgjengeleg og imøtekommande. Slik skal det vera. Og med personen me har på Sekreteriatet har me også fått ein som er flink å søke etter nye moglegheiter og nye løysingar.
Ei utfordring for oss er at me ikkje vert så mange fleire medlemmer – eller familiemedlemmer, om de vil. amilien veks ikkje så veldig, men det kjem likevel stadig nye familiemedlemmer. Eg vil me skal jobbe for å halde på dei medlemmane me har, og så håpar eg me får endå fleire familiemedlemmer. Eg har tru på at me som er her bidreg til det ved å vera inkluderande og søkande.
Til slutt vil eg takka for at eg etter snart 25 år i organisasjonen, får holde tale for det eg framleis reknar som min familie nummer 2 , eller 3 no då sidan, ja de veit, familier er ikkje så statiske som ein tenkte seg før…
Takk for meg!
—
Jostein Sydnes